Ringevikar på dagavdeling for eldre

  • Deltid
  • VOSS, NORGE
  • Publisert: 12 timer siden
  • 27. mai 2025

Voss herad Helse-og omsorg stab

Me søkjer etter ringevikarar  på dagaktivitetstilbodet for eldre på Vetleflaten omsorgssenter  frå d.d.

Arbeidstid er per i dag frå kl 08:00-15:30 eller kl. 11-18.30

Aktivitetstilbodet er eit tilbod for heimebuande eldre, kor me skal bidra til ein meiningsfull kvardag for den enkelte. Det skal fokuserast på aktivitet, oppleving av meistring og sosialt samvær. Aktivitetane skal stimulera til å vedlikehalda dagleglivets funksjonar hos brukar.

 Om arbeidsstaden

  • Me har tilrettelagt tilbod til menneske med demens 5 dagar + ettermiddagstilbod 4 dagar i veka. I tillegg har me eit ordinært dagaktivitetstilbod 5 dagar i veka. Alle tilboda er lokalisert på Vetleflaten omsorgssenter.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av aktiviteter på dagavdelingane
  • Skapa gode dagar for våre brukarar
  • Gjennomføra/leia trimtime for brukarane
  • Tilrettelegging av måltider og fokus på ernæring
  • Gi hjelp til personleg stell og pleie
  • Vera merksam på endringar hos brukar
  • Motivering til aktivitet og deltaking
  • Journalføring etter gjeldande regelverk
  • Bidra til utviklingsarbeid i tenesta

 

Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet.

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 
  • Eit ynskje om å bidra til ein god dag for dei som nyttar tilbodet
  • Interesse for arbeid i eldreomsorga
  • Gode kommunikajsoneigenskapar
  • Evne til å skapa trivsel, glede og meistring

 

Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Hugs å gje opp referansar

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted