Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde

Medisinsk sengepost, Nordfjord sjukehus har ledig fast 100% stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar. Ledig frå snarast.

Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod og eit godt fritids- og kulturtilbod.

Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, overvaking og oppfølging av pasientar
  • Tverrfagleg arbeid knytt til pasientoppfølging
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
  • 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter spesialsjukepleiar (intensiv/anestesi) eller sjukepleiar med ønskje om å ta vidareutdanning innan intensiv/anestesi
  • Erfaring frå intensiv/intermediær overvakingsavdeling er ønskjeleg 
  • Det er ønskjeleg med relevant kunnskap innan medisinsk teknisk utstyr og IKT-system
  • Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert 
  • Evne til systematisk arbeid
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Katrine Holmøy Holvik, Einingsleiar, (+47) 916 97 445
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, (+47) 932 90 198

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4969157152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted