Arbeidsleiarar for prosjekt “Sommarhjelp for sommarmøteplassar”

  • Deltid
  • SELJE, NORGE
  • Publisert: 7 timer siden
  • 31. mai 2025

Kultur, Stad kommune

Stad kommune søkjer etter 2 stk arbeidsleiarar i prosjekt "Sommarhjelp for sommarmøteplassar", eit aktivitetsprosjekt der ungdom (14-18 år) skaper sommaraktivitet for born og unge. Begge stillingane er i 80%. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 25.06.2025 – 08.08.2025. Arbeidstid er måndag – fredag, 6 timar kvar dag. Start og sluttidspunkt kan variere etter avtale

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp, hjelpe og støtte 3 ulike sommarhjelpteam på 2-3 ungdomar i alderen 14-18 år som skal skape sommaraktivitetar for barn og unge og jobbe i BUA.
  • Ta seg av opplæring av nytt team.
  • Hjelpe nytt team med planlegging og arbeidsfordeling.
  • Legge til rette for sommaraktivitetar som allereie er planlagde i samarbeid med lag og organisasjonar.
  • Legge tilrette for iversetting av aktiviktivitetar som sommarhjelpene tek initiativ til.
  • Ansvar for å følge opp bestillingar og BUA sitt utlånssystem (opplæring vil bli gitt).
  • Marknadsføring av aktivitetar.
  • Vere ansvarleg vaksenkontakt under gjennomføring av aktivitetane.
  • Andre oppgåver vil kome i tillegg. 

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med prosjektarbeid er ein fordel
  • Erfaring med ungdomsarbeid eller arbeidserfaring frå grunnskulen vert vektlagd
  • Du kan gjerne vere student
  • Du må ha førarkort kl. B.
  • Lokalkunnskap om Stad kommune og regionen er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
  • Kunnskap om, og erfaring med å publisere på sosiale media/digitale plattformar

Personlege eigenskapar

  • Du er fortrinnsvis mellom 20 og 30 år.
  • Du er sjølvstendig, pliktoppfyllande, systematisk og serviceinnstilt.
  • Du er ein person som likar å organisere aktivitetar og likar å bli kjend med og prate med nye folk.
  • Du må ha godkjent politiattest.

Vi tilbyr

  • Ein triveleg sommarjobb
  • Nærleik til Noregs finaste strender og fjell
  • Løn etter tariff

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillingane kan du ta kontakt med Astrid Grete Torheim i Eid frivilligsentral

Kontaktinformasjon

Astrid Grete Torheim, Eid Frivilligsentral, 41460042, astrid.grete.torheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4966020359
Stillingsprosent: 80%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted