Undervisningsstilling (vikariat)

  • Heltid
  • BREMNES, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 10. mai 2025

Gilje skule har ledig vikariat i 100 % stilling fram til sommerferien 2025. Me ser etter deg som er oppteken av inkluderande og trygge skulemiljø og vil vere med å leggje til rette for elevane si læring og utvikling. 

Gilje skule er ein fådelt skule med rundt 75 elevar, fordelt på 7 klassar frå 1.-7 trinn. Skulen ligg midt på Bømlo, ca. 4 km sør for kommunesenteret. Skulen har fleirbrukshall, stort bibliotek og spesialrom til musikk, kunst og handverk. Elevane har eit stort og godt uteområde med leikeapparat, skogsområde, ballbinge og kunstgrasbane. Det er også mange flotte turløyper i nærleiken som skulen nyttar aktivt. 

Søknadar vert vurdert fortløpande og det er ønskeleg med snarleg oppstart. 

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje
    og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanen i faga: norsk, matte, engelsk og kroppsøving.
  • Samarbeide med kollegaer og føresette.
  • Delta i skulen sine aktivitetar og møte.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med pedagogisk utdanning, men anna relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk.
  • IKT-kunnskapar. 

Me oppfordrar personar som er under lærarutdanning til å søkja.

Personlege eigenskapar

  • Du er venleg, tålmodig og omsorgsfull som person.
  • Du har evne til å skape og oppretthalde gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer.
  • Du jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert i di tilnærming.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
     

Andre opplysingar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor på Gilje skule, Maryann Steinsbø. 

Kontaktinformasjon

Maryann Steinsbø, 992 77 987, Maryann.Steinsbo@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Giljevegen 251
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 4961989466
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 20.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted