Helgestilling fagarbeidar på Ulvik Omsorgstun.

  • Deltid
  • ULVIK, NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Om stillinga

Vil du vera med og forma ei god avdeling til det beste for pasientane våre? Er du fagleg engasjert og opptatt av å levera kvalitet i det du gjer?

Då er dette jobben for deg! Me har ein ledig helgestilling med arbeid kvar 3. helg med arbeidstid på dag og kveld.

Oppgåver

· Stell, pleie og omsorg, samt rettleiing i hjelp til sjølvhjelp overfor brukar/pasient.

· Praktiske gjeremål i avdelingane

· Helsefaglege oppgåver i avdelinga.

Ynskja kvalifikasjonar

· Du har helsefagleg utdanning eller erfaring

· Du har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande nivå B2.

· Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjerdsler basert på fagleg

· kompetanse.

· Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon.

· Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4

Me kan tilby

· Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar

· Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer

· Ein triveleg arbeidsplass i ei flott bygd

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgjevar

Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som

omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi,

ergoterapi, psykisk helse og rus, og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun

som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort

mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur-og

idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt

og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .

Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

Kontaktperson

Caroline Fleten

Avdelingsleiar Ulvik Omsorgstun

4000 7184 | caroline.fleten@ulvik.kommune.no