Omsorg og sjukeheim Ørsta kommune
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? I Ørsta kommune, tenesteområdet omsorg og sjukeheim, har vi frå dags dato ledig 100 % stilling som sjukepleiar ved avdeling Vallastova – ein somatisk langtidsavdeling med 24 plassar. Hos oss får du vere med på å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø for bebuarane, der vi legg vekt på å sikre ein verdig alderdom og individuell omsorg.
Vi samarbeider tett med andre faggrupper, noko som gir spennande moglegheiter for fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid. Vi er eit engasjert team som jobbar for å tilby bebuarane den beste kvaliteten på helse- og omsorgstenester.
Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg dyktig og som bidrar til trivsel og omsorg for bebuarane
Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet og vi ser etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vi er stolte av å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter:
- Årsplanlegging og oppgåvedeling: Sikrar fagkompetanse heile døgnet og året.
- Sjukepleieteam: Sikre høg fagleg kvalitet og støtte ved behov.
- Langvakter: Fleksibilitet i turnusordninga med muligheit for å gå langvakter på helg
- Trygg arbeidskvardag: Kjende kollegaer på vakt og god balanse mellom jobb og fritid.
Du vil få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Vegleiing og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåve
- Tek initiativ og ansvar
- Relevant arbeidserfaring
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert
vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
- Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 – Sjukepleiar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 78
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4960095189
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.05.2025