Rettleiar i NAV Nordfjord

  • Heltid
  • SVELGEN, NORGE
  • Publisert: 14 timer siden
  • 11. mai 2025

NAV Nordfjord, Stad kommune

Er du ein person som er god på å finne ressursar hos kvart enkelt menneske? Då kan stillinga som rettleiar ved Nav Nordfjord vere noko for deg!

Nav Nordfjord søkjer ein engasjert og dyktig rettleiar til avdelinga "arbeid og helse" med oppstart 01.09.2025.  

Som rettleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av sjukmelde og personar på arbeidsavklaringspengar. Du vil også ha tett kontakt med arbeidsgjevarar i regionen for å sikre ein god dialog og eit godt samarbeid mellom partane. Du vil bli en del av eit kompetent fagmiljø.

Hos oss vil du oppleve spennande og variert arbeid, der ingen dag er lik. Vi er kjende for å møte nye utfordringar med optimisme og pågangsmot.
Bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for mennesker kvar einaste dag!

NAV Nordfjord er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn.
Vi leverer kommunale og statlege NAV-tenester til innbyggjarane og verksemdene i alle dei 4 kommunane, og har 44 tilsette fordelte på 4 lokasjonar.

Stillinga har arbeids- og oppmøtestad i Svelgen.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp brukarar som er sjukmelde og mottakarar av arbeidsavklaringspengar
  • Tett kontakt med brukarar for å rettleia og motivera på vegen tilbake til arbeid
  • Kartlegge og avklare brukarar si arbeidsevna, ressursar og moglegheiter for arbeid
  • Skape dialog og samhandling med arbeidsgivarar, fastlege og andre samarbeidspartar for å hjelpe tilbake til arbeid

Kvalifikasjonar

Krav

  • Relevant 3-årig utdanning på høgskulenivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Gode digitale ferdigheiter og interesser for å ta i bruk nye IT verktøy

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå rettleiing og oppfølging av menneske i vanskelege livssituasjonar
  • Kjennskap og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
  • Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen

Personlege eigenskapar

  • Du liker å jobbe med menneske og har eit genuint ønske om å hjelpe andre
  • Du har engasjement og evne til å motivere folk tilbake i arbeid
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Vi ser fram til å få søknaden din!

Kontaktinformasjon

Monica Osvold, Regionleiar NAV Nordfjord, 900 95 171, monica.osvold@nav.no
Kari Tonning, Avdelingsleiar Arbeid og Helse, 452 33 070, kari.tonning@nav.no

Arbeidsstad

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4960995788
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted