Helsefagarbeidar

  • Deltid
  • VAKSDAL, NORGE
  • Publisert: 11 timer siden
  • 22. mai 2025

Om stillinga

Heimetenesta i Vaksdal kommune har ledig 50% stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Vi tilbyr tenester til menneske i alle aldrar, med ulike behov, og har fokus på å gi omsorg med respekt, fagleg kvalitet og menneskeleg varme.

Vaksdal kommune er ein kommune med sterkt fellesskap. Hos oss er det korte avstandar mellom kollegaer, både fagleg og menneskeleg, og vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der tillit og støtte står sentralt.

Heimetenesta er i stadig utvikling, med fokus på velferdsteknologi, fagleg oppdatering og brukarmedverknad. Vi jobbar tverrfagleg, og du vil bli ein del av eit dyktig og engasjert team som brenn for å gi den beste hjelpa – der folk bur og lever liva sine.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Oppfølging av pasientar med stell og pleie i heimen
  • Hjelp til daglege gjeremål 
  • Medisinhandsaming 
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå 
  • Kontakt og samarbeid med pårørande 

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev  
  • Søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert. Skriv gjerne i søknad dersom du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev 
  • Generelt gode datakunnskapar 
  • Krav om godkjend politiattest 
  • Førarkort klasse B er eit krav for stillingane i heimetenesta 
  • God norskkunnskap skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar 
  • Du er fagleg trygg, modig og raus – og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode. 
  • Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter 
  • Er påliteleg og stabil 
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv 
  • Løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring 
  • Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert? 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg. 

Vaksdal kommune kan tilby

  • Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning 
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=dxInsUPyp28