Slagverkspedagog – 20% fast stilling

  • Deltid
  • ISDALSTØ, NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Om stillinga

Alver kulturskule har ledig 20% fast stilling som slagverkspedagog frå 01.08.2025. Den som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule. 

Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.

Om oss

Kulturskulen i Alver er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg kompetanse som underviser om lag 700 kulturskuleelevar kvar veke. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst og me samarbeider i tillegg tett med dei ti skulekorpsa i kommunen, mellom anna om dirigentar og instrumentallærarar i korpsa. Kulturskuleundervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik, og undervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.

Arbeidsoppgåver

• Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv. 

• Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen.

Kvalifikasjonskrav 

  • Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning med klassisk/rytmisk slagverk som hovudinstrument. 
  • Relevant erfaring som slagverkspedagog innan skuleslaget.
  • Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt. 
  • Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune. 
  • Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede.

Kven er du?

  • Du har evne og vilje til å bygge gode relasjonar, samarbeid og kunne jobbe i team
  • Du har godt humør, er fleksibel og løysingsorientert og har eit stort engasjement for faget og elevane
  • Du tek initiativ og ansvar og er ein positiv bidragsytar i kollegiet

Me tilbyr

Døme:

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
  • Oppfølging og rettleiing
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med [opplæringsl § 10- 9] vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
 

  • opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19