Solund kommune Stab
Solund kommune har ledig spanande stilling som personalmedarbeidar. I denne stillinga vil du få ei viktig rolle på tvers av organisasjonen for å ivareta og utvikle personalarbeidet i kommunen. Du kjem til å arbeide tett med kommunedirektør og andre leiarar for å ivareta dei tilsette og rekruttere nye medarbeidarar.
Til stillinga ligg forskjellige oppgåver som:
- delta i møte med hovudtillitsvalde og vernetenesta
- førebu og delta i lokale lønsforhandlingar
- oppdatering av reglement og rutinar innanfor personalområdet.
I utgangspunktet ligg oppgåver knytt til lønskøyring og sjukerefusjon til stillinga. Men Solund kommune har også for tida utlyst stillingar som stabsmedarbeidar og fleire av dei tilsette i staben nærmar seg pensjonsalder, så endring av fordeling av arbeidsoppgåver internt i staben kan bli aktuelt.
Du har gjerne høgare utdanning og relevant erfaring innan personal og løn. Du er trygg i møte med medarbeidarar og leiarar, arbeider systematisk og er fagleg sterk. Vi legg meir vekt på erfaring og eignaheit enn utdanning. Vi nyttar økonomi og HR-system frå Visma og NetPower Kvalitet som internkontrollsystem. Kjennskap til desse eller liknande system er ein fordel.
Vi tilbyr:
- Variert, tverrfagleg samarbeid
- Løn iflg. tariff
- Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor
- Kjekke kollegaer
- I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her.
Om dette verkar spanande og du har relevant utdanning eller erfaring, slå gjerne på tråden til stabsleiar Amund. Han gler seg til å høyre frå deg!
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her