Sokneprest i Sunnfjord prosti, med Florø som tenestestad

  • Heltid
  • FLORØ, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 24. mai 2025

Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme

Vi har to ledige stillingar som sokneprest i Florø med tenestestad i Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal sokn.

Hjå oss har vi ein småbyen sine gleder og storbyen sine utfordringar: dugnadsånd og samarbeid, men også utanforskap og einsemd. Vi søkjer etter ein prest som ynskjer å bygge kyrkjelyd, møte folk der dei er i livet og skape inkluderande fellesskap. Her vil du møte utfordringar og utvikle deg som prest.

Det er om lag 12.000 innbyggjarar i denne delen av Kinn kommune, av desse bur om lag 10000 i byen. Av innbyggjarane er 80% medlemar i Den norske kyrkja. I kommunen står dei havrelaterte næringane sterkt – t.d. havbruk, verfts-, fiske- og oljeindustri. Heile 2/3 av arbeidstilknytninga i kommunen er i det private næringslivet og i indre er ein del knytt til landbruk. Kommunen har variert natur og gode høve for eit aktivt friluftsliv. Det er eit breidt spekter kultur- og fritidstilbod i Florø med kor, korps og kulturskule. Frå Florø er det gode kommunikasjonar, flyplass (Oslo 1 t/Bergen 30 min) og fleire daglege avgangar med ekspressbåt til Bergen.

Sokna er kjenneteikna av at vi har byen og i tillegg småbygdene og øyane. Vi har 5 kyrkjer. Mellomalderkyrkja på Kinn er ein av nøkkelstadane på kystpilegrimsleia, og der vert Kinnaspelet framført kvart år.

Vi søkjer ein sokneprest til ei variert og allsidig presteteneste. Vi ynskjer ein som trivst med å arbeide med barn og unge. Denne stillinga vil kunne passe for ein som er nyutdanna.

Staben har nye kontor i eit eige Kyrkjetorg sentralt i Florø. Her er nyoppussa og funksjonelle lokaler. Kyrkjetorget vart etablert i 2024 og aktivitetstilbodet her er under oppbygging. Ved kontoret arbeider det 3 prestar, 2 organistar, 2 trusopplærarar i 50% stilling, sekretær og dagleg leiar.

Prosten leiar prestetenesta i prostiet og kallar jamleg prestane inn til fagsamlingar. Sunnfjord prosti omfattar 6 kommunar og har 17 sokn. Det er 14 prestar i prostiet.

 

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 

Arbeidsoppgåver

  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Konfirmantundervisning
  • Trusopplæring i lag med trusopplærarar
  • Soknerådsarbeid
  • Diakonalt arbeid retta mot innvandrarar og eldre kan inngå som ein del av stillinga
  • Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap

Kvalifikasjonar

  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til samarbeid 
  • Gode formidlingsevner
  • Har eit ønskje om å byggje relasjonar og motivera frivillige
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskott i KLP
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldende regulativ
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsrettleiing (ABV)

 

Andre opplysningar
Det er ein fordel å ha førerkort og disponere eigen bil.

Målforma er nynorsk.

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. 

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

Kontaktinformasjon

Knut Magne Nesse, Prost i Sunnfjord, 91713275
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidssted

Strandgata 43
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 4954054236
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted