Hyllestad Eiklund Sjukeheim
Vi har ledig læreplass for lærling som helsefagarbeidar.
Vi tilbyr kr 100.000 i stipend mot 2 års binding etter endt læretid.
Hva vi ser etter
Vi ynskjer deg som
-
har fullført 2 år på vidaregåande, og har igjen praksistida
-
er motivert
-
vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
-
er glad i menneske
-
viser omsorg og respekt for andre
Det vil bli nødvendig med førarkort for bil når ein skal arbeide i heimetenestene, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida. Det er krav om tilfredsstillande helse- og politiattest for stillinga.
Arbeidsoppgaver
Som helsefagarbeidarlærling vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
-
Gje pleie og omsorg med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den enkelte i det daglege
-
Dokumentasjon i CosDoc pasientjournalsystem etter gjeldande regelverk
-
Bidra til godt samarbeid og informasjonsflyt på tvers av faggrupper og avdelingane
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Vi tilbyr
Kvifor søkje hos oss?
-
Du vil få ein variert arbeidsdag gjennom å gje stell, pleie og omsorg til pasientane
-
Eigen praksisrettleiar
-
Kjekke og kompetente kollegaer
-
Moglegheit til å arbeide på institusjon og/eller heimetenestene
-
Arbeidstid etter oppsett årsturnus, med arbeid dag og kveld (ikkje natt som lærling)
-
Sjukeheimen og heimetenestene sin base er lokalisert i same bygg, med omsorgsbustader i tilknytning
-
For lærlingar unde 25 år kan vi tilby eit stipend på 100.000 mot 2 års bindingstid etter avlagt fagprøve
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar Unni Systaddal tlf. 481 790 160 eller fagleiar Hilde Håvåg tlf. 404 14 761.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse. Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Vi ser fram til din søknad!
Ønskjer du å vere ein del av Hyllestad kommune si framtidige eldreomsorg? Då er det deg vi leitar etter! Vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med å bidra til at pasientane våre opplever gode omsorgstenester, kvar dag er like viktig.