Administrasjonsrådgivar

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 6. mai 2025

Kommunikasjon og samfunnskontaktHelse Møre og Romsdal HF

Er du klar for ei spennande utfordring?

Vi har ledig ei fast 100 % stilling som administrasjonsrådgivar i administrerande direktør sin stab. Vi ser etter deg som vil vere med å utvikle sekretariatet vidare og bidra til å forme framtida i helseføretaket vårt.

Arbeidsstad er Ålesund, men det må påreknast noko reiseverksemd. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Sentral rolle: Du vil få ansvar for å planlegge og organisere styrearbeidet i HMR og til brukarutvalet i føretaket. Du vil vere sekretær i møta og ha ansvar for oppfølging av saker i etterkant. 
  • Varierte oppgåver: Oppgåver for adm. direktør og føretaksleiinga, for eksempel saksutgreiingar og møteplanlegging/møtetilrettelegging. Ein del administrativt og servicearbeid følger med oppgåvene.  
  • Utviklingsmoglegheiter:  Vi tilbyr eit dynamisk arbeidsmiljø der du kan utvikle deg og di kompetanse. 
  • Ein må rekne med noko kveldsarbeid i samband med møter. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, eller tilsvarande realkompetanse
  • God IKT kunnskap og bruk av ulike dataverktøy
  • Svært god skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med saksbehandling og saksbehandlingssystem er ein fordel
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du har proaktiv arbeidsstil med gode planlegging- og gjennomføringsevner
  • Du har svært gode kommunikasjonsevne med ulike aktørar, for å sikre framdrift og god saksavvikling
  • Du er tydeleg og forståeleg i møte med brukarar og tilsette
  • Du er sjølvstendig, løysingsorientert og beheld roa i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Du er serviceinnstilt, fleksibel og ikkje redd for utfordringar
  • Du er effektiv og har evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

May-Helen Molvær Grimstad, Kommunikasjonsdirektør, +47 93063569, may.grimstad@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 1
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4954860707
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 07.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted