Serviceseksjon Psykisk Helsevern, Helse Førde
Serviceseksjon Psykisk helsevern, Førde sentralsjukehus, har ledig 100% årsvikariat som konsulent:
- Arbeidstid vekedagar kl 08.00 – 15.30
- Oppstart etter avtale
Vi søkjer ein dyktig og engasjert konsulent. Stillinga er ledig i forbindelse med foreldrepermisjon.
Stillinga er organisert i serviceseksjonen i Psykisk Helsevern. Seksjonen leverar tenester til heile Psykisk helsevern i Helse Førde. Ansvarsområder for stillinga er sakshandsaming, kvalitetsarbeid og pakkeforløp for psykisk helse og rus. Stillinga inneber og å vere ein støttefunksjon for leiarar og behandlarar i klinikken.
Arbeidsoppgåver
- Kvalitetsarbeid
- Utvikle/vedlikehalde rutiner, interesse for forbetringsarbeid
- Opplæring/rettleiing/brukarstøtte
- Sakshandsaming
- Klagehandsaming knytt til tvang, samarbeid med kontrollkommisjon og statsforvaltar
- Førefallande arbeid i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
- Anna relevant utdanning/realkompetanse kan kompensere for formell høgskuleutdanning
- Vi ønskjer søkjarar med erfaring frå arbeid med sjølvstendig sakshandsaming
- Må kunne utføre arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande lovverk og rutiner
- Gode IT ferdigheiter, interesse for å lære og nytte nye system
- Søkjar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå sakshandsaming er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Må kunne jobbe sjølvstendig
- Serviceinnstilt
- Gode samarbeidevner
- Løysingorientert
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Moglegheit for å jobbe i ein seksjon som er i stadig endring og utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Beathe Monica Solheim, Seksjonsleiar, (+47) 971 53 587
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4948273030
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 29.04.2025