Alver kommune
Alver kommune er med sine 30 000 innbyggjarar og 2700 tilsette ein av dei største kommunane i Vestland fylke. Vi er i ein spennande fase med omfattande utviklings- og omstillingsarbeid, og søkjer ein engasjert og strategisk HR-leiar som får ei viktig rolle i dette arbeidet. Nøkkelen til å lykkast med utvikling og omstilling er menneska i organisasjonen, og som HR-leiar er du sentral i dette arbeidet.
I Alver kommune arbeider vi saman for å skape ein god og framtidsretta kommune. Som HR-leiar får du vere med å vidareutvikle kommunen som ein attraktiv arbeidsplass – både for dei som alt jobbar her, og nye tilsette.
Du får ansvar for å leie og vidareutvikle vår HR- og lønnsavdeling med 17 medarbeidarar med høg kompetanse, stort fagleg engasjement og godt arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på medverknad og samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta.
Dine ansvarsområde:
- Leie og vidareutvikle HR- og lønnsavdelinga
- Bidra i kommunen sitt omstillings- og utviklingsarbeid
- Sikre god koordinering og støtte til leiarar i heile organisasjonen
- Ivareta eit godt partssamarbeid og arbeidsgjevaransvar for frikjøpte hovudtillitsvalte og hovudverneombod
- Styrkje det langsiktige og systematiske HR-arbeidet
Du har desse kvalifikasjonane:
- Høgare relevant utdanning
- Leiarerfaring, gjerne frå likande stillingar/ansvar
- God kompetanse innan relevant lov- og avtaleverk
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne
Vi ønskjer at du:
- har erfaring frå offentleg forvaltning
- evner å veksle mellom strategisk blikk og operative gjennomføring.
- har gode relasjons- og samarbeidsevner, og veit korleis du byggjer eit lag.
- evner å motivere, engasjere og viser retning i samspel med organisasjonen.
- har ei analytisk og systematisk tilnærming med evne til strategisk tenking og heilskaplege vurderinger.
- har engasjement for godt partssamarbeid.
Vi søker deg som blir motivert av å sjå moglegheitene. Du trivst med store oppgåver, likar å ta ansvar og er trygg nok til å ta plass. Kanskje er du på veg opp og ser etter ei rolle du kan vekse i? Hos oss får du moglegheita. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt i vurderinga.
Dette kan du forvente:
- Ei viktig leiarrolle med stort handlingsrom
- Ei kompetent og engasjert HR- og lønnsavdeling
- Ein kommune i endring, med klar retning og sterk drivkraft i samfunnsoppdraget vårt
- Ei leiargruppe som spelar kvarandre gode
- Konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknadsfrist: 4.5.2025
Ønskjer du ein uforpliktande prat om stillinga, ta kontakt med vår rådgivar i Human, Morten Myhren på telefon 48 22 46 60.
Det vert utarbeidd offentleg søkarliste i tråd med krava i offentleglova. Dersom du bed om unntak frå oppføring på lista, men ønsket ikkje vert tatt til følgje, blir du varsla før offentleggjering.