20-50 % avtaleheimel i psykiatri

Helse Vest RHF

20-50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i psykiatri er ledig frå 01.08.2025, eller etter avtale.

Noverande praksis er lokalisert i eit velfungerande og hyggeleg kontorfellesskap i Bergen sentrum. For tida består kontorfellesskapet av 7 spesialistar i psykiatri og to psykologspesialistar.

Noverande innehavar ønskjer å trappe ned sin praksis i tråd med reglane om seniorpolitikk – avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer.

Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokale som senior, i tett samarbeide med senior. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist
  • erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
  • personlege eigenskapar
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre

Arbeidsoppgåver

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening. Praksisen skal ha likelydande samarbeidsavtale med Helse Bergen, som senior.

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Bergen. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialistane mottar pasientar frå helseføretaket.

Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokale, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen. Heimelen er i dag plassert i driftstilskotsklasse 1.

Spørsmål om praksisen kan rettast til Sivi E. H. Rosendahl, tlf. 90 86 55 65.

Vilkår og rammer

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.

Kontaktinformasjon

Torleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822

Arbeidsstad

Knud Holms gate 8
4005 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest RHF

Referansenr.: 4955915816
Stillingsprosent: 50%
Anna
Søknadsfrist: 05.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted