Oppsøkande barne- og ungdomsarbeidar – 40% prosjektstilling

  • Deltid
  • VINJE, NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Kultur, Vinje kommune

Me søkjer etter ein barne- og ungdomsarbeidar i 40 % prosjektstillingstilling, som vil vera ein del av ei gruppe som jobbar med barn og ungdom i Vinje kommune. Gruppa skal bestå av trygge, varme og imøtekommande vaksne, som vil reise ut å møte ungdommane der dei er. Gruppa vil også trygge og støtte ungdommane i ulike situasjonar, og hjelpe dei med å ta tak i ulike problemstillingar og utfordringar for å motverke utanforskap og førebyggje rusproblematikk.  

Vinje kommune har fått tilskot frå Helsedirektoratet til å opprette denne prosjektstillinga i 2025. Det er moglegheit for forlenging ut over 2025 dersom prosjektet får vidare finansiering.

Arbeidsoppgåver

  • Oppsøkjande barne- og ungdomsarbeid i Vinje kommune og Vest-Telemark – der ungdomane er
  • Planlegging og gjennomføring av ulike førebyggingstiltak i samarbeid med ungdomskoordinator og SLT-gruppa i Vinje kommune
  • Skape gode relasjonar til Vinjeungdommen ved å lytte, samhandle og rettleie over tid 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan barne- og ungdomsarbeid
  • Erfaring med barne- og ungdomsarbeid i fritida deira, slik som ved ungdomsklubb eller oppsøkande arbeid
  • Erfaring, tryggleik og omsorg i ein-til-ein arbeid

I tillegg er det ynskjeleg med:

  • Kjennskap til barn og unge i Vinje, ungdomsmiljø og nærmiljø
  • Kjennskap til typiske ungdomsutfordringar, evne og kunnskap til å forstå ulike menneskelege reaksjonar og kva som kan vera årsakar bak desse

Personlege eigenskapar

Som barne- og ungdomsarbeidar i dette prosjektet:

  • er du ein tydeleg, konsekvent og trygg vaksen, med varme og omsorg for barn og unge
  • vågar du å gå inn i situasjonar og stå i situasjonar som trygg vaksen
  • har du evne til å skape relasjonar til, og mellom barn og unge

Vi tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 949 83 823, kristian.rantala@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4954718273
Stillingsprosent: 40%
Engasjement
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 22.04.2025