Off. godkjent sjukepleiar – Bakketun  

  • Heltid
  • ØRSTA, NORGE
  • Publisert: 6 dager siden
  • 1. mai 2025

Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar?  Vi har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat for perioden d.d.- 30.9.2025 med moglegheit  for lenging ved Ørstaheimen avd. Bakketun. 

  • 100% fast sjukepleiar
  • 100% vikariat sjukepleiar frå d.d. til 30.09.2025
    Skriv i søknaden kva stilling du søkjer på.

Vi søkjer primært etter autorisert sjukepleiar, men også sosionom og/eller miljøterapeut er velkomne til å søkje på vikariatet.

Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.Lenging av vikariatet kan bli aktuellt

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring og  som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar. Du må  kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. 

Vi jobbar etter: årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre god fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.  I tillegg har vi sjukepleieteam som bidreg med fagleg kompetanse og er ein viktig ressurs ved behov for støtte. Det er moglegheit til å gå langvakter på helg.

Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.

Arbeidsoppgåver

Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.

  • Sjukepleiefaglege oppgåver. Andre relevant faggrupper kan også vere aktuelle som td.  vernepleiar, miljøterapeut , sosionom ol. Gjerne med pedagogisk kompetanse.
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. 
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 
  • Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Likar utfordringar og har evne til å takle raskt skifte i arbeidsoppgåver
  • Søkjer faglege utfordringar
  • Tek initiativ og ansvar
  • Du er engasjert, løysingsorientert
  • Relevant arbeidserfaring
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.  

Vi tilbyr

  • Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette.
  • Eit arbeidsmiljø med fokus på godt falgeg innhald og mestring
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Vi vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
  • Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP

Vi er stolte at å vere ei heiltidskulturkommune
Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
Vi nyttar langvakter for å oppretthalde kontinuitet og kvalitet i tenestene
Vi startar opp med sjukepleieteam for å sikre eit høgt fagleg nivå gjennom heile døgnet.

Velkommen til oss!

Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 –  stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar

Det kan vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette i faste stillingar, med bindingstid på 2 år etter at prøvetida er over.

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltidstilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2

Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
 

Kontaktinformasjon

Arja Helena Hietanen, Konst. avdelingsleiar Bakketun, 48123801, arja.helena.hietanen@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4954001371
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 30.09.2025
Søknadsfrist: 02.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted