Økonomi- og finansdirektør

Helse Fonna HF

Er du ein strategisk leiar til å leie utviklinga av økonomi- og finansområdet i Helse Fonna HF?

Helse Fonna søkjer ein ambisiøs økonomi- og finansdirektør med sterke strategiske evner. Saman med leiarar og medarbeidarar i heile helseføretaket vil du utvikle og arbeide for å sikre ei framtidsretta spesialisthelseteneste for befolkninga. Med på laget har du 30 dyktige og engasjerte medarbeidere.

Som direktør vil du vera ansvarleg for å vidareføre og vidareutvikle denne funksjonen, styrke arbeidet med utvikling av verksemdsdata og strategisk økonomistyring.  Økonomiavdelinga har i dag ansvar for budsjett, lønn, rekneskap og styringsdata. 

Helse Fonna ønsker å vere eit offensivt og framtidsretta føretak som er ambisiøse på vegne av pasientane og tilboda som gis. Føretaket vil, som dei andre helseføretaka i landet, vere avhengig av å ta i bruk nye IKT løysingar, bidra til høg grad av digitalisering og å nytte teknologi rett for å møte behova i framtida.

Er du klar til å ta steget inn i ei nøkkelrolle i ei av dei viktigaste verksemdene i regionen? Då håper vi du søkjer på stillinga.

Kven ser vi etter?

For å lykkast må du ha relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå eller tilsvarande erfaring. Du må i tillegg ha relevant leiarerfaring frå komplekse organisasjonar i privat eller offentleg sektor.  

Økonomi- og finansdirektør har ansvar for saksførebuing til styret og eigar. Du vil ha eit tett samarbeid med administrerande direktør og resten av toppleiargruppa. ‎  

‎Du får ansvar for korrekt og påliteleg finansiell rapportering, og må ha full oversikt over den økonomiske utviklinga i helseføretaket.

Du har god gjennomføringsevne,  og kan skapa tillit internt og i samarbeidet med eksterne aktørar. Som leiar motiverer og inspirerer du dine tilsette til å skapa eit godt arbeidsmiljø og levere gode tenester. 

Du har stor arbeidskapasitet, trives med samarbeid og evner å etablerer gode relasjoner til dine medarbeidare og dei du samarbeider med.

Vi tilbyr

Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit helseføretak med dyktige leiarar og medarbeidarar.

Du blir del av eit dyktig og svært kompetent team innanfor ein kompleks kompetansevirksomhet, med gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar.

Du vil vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utvikle tenesta på heile Vestlandet, i tett dialog med dei andre helseføretaka og det regionale helseføretaket.

Du kan be om å ikkje bli ført på den offentlege søkjarlista. Dette må du i så fall grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Kontaktinformasjon

Anders Hovland, Administrerende direktør
Siren Eldøy Hinderaker, HR direktør

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4939499512
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted