Prodekan for utdanning 

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 6 dager siden
  • 3. mai 2025

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet har ledig åremål som prodekan for utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Prodekan for utdanning vert tilsett i åremål for 4 år. Stillinga er ledig frå 01.08.2025. Prodekan er for tida ikkje tillagt personalansvar, men dette kan bli endra og delegert frå dekan. Prodekan for utdanning inngår i fakultetet si leiargruppe, og har mynde delegert frå dekan. Stillinga rapporterer til dekan.

Prodekanen kan ha hovudarbeidstad i Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal eller Førde. Det må påreknast ein del reiseverksemd

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Gje råd til dekan og instituttleiarar om strategiske val for utvikling av studieporteføljen ved fakultetet
  • Leie studiekvalitetsarbeidet ved fakultetet og fakultetet sitt utdanningsutval
  • Bidra i arbeidet med realisering av høgskulen sin strategi med særleg fokus på utdanningsfeltet
  • Tett samarbeid med instituttleiarane og studieadministrativ leiar om forslag til kvalitetsfremjande tiltak for å betre undervisning og læringsmiljøet ved fakultetet
  • Overordna ansvar for fakultetet sine simulerings- og læringsarenaer (SimArena) på fem campus
  • Følgje opp tiltak i høve til pedagogisk kvalitet og fornying
  • Vurdere behov for strategiske val knytt til fakultetet sine studietilbod
  • Samarbeide med andre fakultet ved HVL, men også ved andre institusjonar nasjonalt og internasjonalt, med tanke på utvikling og drift av nye studietilbod, og i arbeid med utdanningskvalitet
  • Bidra til evaluering av undervisning
  • Bidra til utvikling av digital kompetanse relatert til fleksible læringsformer
  • Andre oppgåver pålagt/gitt av dekan

Kvalifikasjonar:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå 
  • Kunne vise til relevant erfaring med undervising og kvalitetsarbeid i høgare utdanning
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innan fakultetet sine fagområde
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag og for verdien av samhandling med omgjevnadane lokalt, regionalt og internasjonalt 
  • Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad 
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt 
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering 
  • Stor arbeidskapasitet
  • Må kunne handtere komplekse utfordringar 
  • Erfaring med endringsarbeid er ein føremon
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prodekan er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted