Sengepost nevrologi og ortogeriatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Har du lyst å jobbe i ei fast 100% stilling (3-delt turnus), eller i eit vikariat 74% på natt? Då er du velkomen til å søkje, tilsetting frå snarast etter avtale med leiar.
Kan du vere den vi leitar etter?
Her vil du bli ein del av eit inkluderande og spennande team, med høg fagleg kompetanse. Har du relevant videreutdanning, er det berre eit pluss. Har du faglege ambisjonar, kan det bli aktuelt med vidareutdanningar knytt til fagområda i seksjonen.
Vi står på farta til å flytte til nytt akuttsykehus for Nordmøre og Romsdal, der vil seksjonen innehalde generell nevrologi, slag og ortogeriatri.
Er du interessert eller har spørsmål om seksjonen eller fagområda våre; håper vi at du tek kontakt.
I seksjonen vår kjem pasientane inn som ø-hjelp eller elektivt/planlagt.
Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingar bli ledige.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som tillegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Legemiddelhandtering
- Stell og pleie
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med, og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Rettleiing til sjukepleiestudentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning kan bli prioritert
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- NorNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Relevant vidareutdanning kan bli prioritert
Må beherske norsk skriftleg og munnlegsk aNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Relevant vidareutdanning kan bli prioritert
Må beherske norsk skriftleg og munnlegutorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning kan bli prioritert
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må ønske å jobbe med den nevrologiske pasienten
- Ha gode samarbeidsegenskaper; jobbe i team, men også sjølvstendig
- Vere positivt innstilt og ta initiativ
- Vere ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysningsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskaper blir vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 94132084, monika.bolsones.knutsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 2
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4929620619
Stillingsprosent: 74, 100%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025