Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
Vi har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar ved Lysekloster barnehage frå 04.08.25
Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Lysekloster barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng pedagogisk leiar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er å jobbe for å forebygge og stoppe krenkingar/sosiale ubalansar, berekraftig utvikling, trafikktryggleik, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsstad
Lysekloster barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i Lysefjorden som innbyr til leik og undring. Lysekloster barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 20 tilsette og ca. 75 barn fordelt på 5 avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og vi skal gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling. På seinsommaren opnar den nye vegen til Lysefjorden, og vegen hit blir rask og trygg.
Arbeidsoppgåver:
- Drifte avdelinga i tråd med lover, forskrifter og barnehagen sine planar
- Pedagogisk og administrativ leiing av avdelinga
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet
- Leie avdelinga med utvikling av det sosiale miljøet og læringsmiljøet
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna, og å vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
- Rettleiing av tilsette på avdelinga
- Bidra aktivt i barnehagen sitt utviklingsarbeid
- Legge til rette for eit godt samarbeid med føresette
- Aktiv deltaking i barnehagen sitt leiarteam
- Ansvar for felles oppgåver i barnehagen
- Bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
- Har god digital kompetanse
- Har gode leiareigenskapar og stor arbeidskapasitet
- Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
- Er kreativ og engasjert
- Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- Har eit stort engasjement for barnehagefaget med vekt på utemiljøet som læringsarena
- Vil jobbe aktivt for barnehagen sitt overordna visjon: «Det er stort å vere liten»
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Kvalifikasjonar:
Utdanning som barnehagelærar.
Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir). Det vil sei at du må kunne vise til både:
– «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning»
– «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje, vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Link til søknadsskjema: Søk her