
Tolletaten
Vil du vere med og styrkje og utvikle Tolletatens samhandling med næringslivet? Vi søkjer deg som veit at innsikt i behova til brukarane og tidleg dialog er avgjerande for å utvikle gode tenester.
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: å sikre at varene som kryssar Noregs grenser til sjøs, på land og i lufta, er trygge og lovlege. Tolletaten har ein tydeleg endringsagenda med høg endringstakt og store digitaliseringsinitiativ.
Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
Brukardialogavdelinga har eit nasjonalt ansvar for brukardialogen til Tolletaten. Vi styrkjer samhandlinga vår med næringslivet og søkjer etter to nye kollegaer som skal bidra til å byggje opp dette fagområdet. Det finst spennande oppgåver for den rette kandidaten, både den som har brei erfaring, og den som har noko erfaring. Dei rette kandidatane vil få ein variert arbeidskvardag i ein tverrfagleg etat.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi søkjer deg som har mastergrad innan til dømes samfunnsvitskap, humaniora eller tenestedesign. Bachelorgrad og relevant erfaring kan kompensere for mastergrad.
- Du har god kjennskap til kvalitative metodar.
- Du har erfaring med brukarorientert forretnings- eller tenesteutvikling.
- Du har god skriftleg framstillingsevne på norsk og erfaring med rapportskriving.
- Du kan nytte engelsk som arbeidsspråk.
- Du har gode kommunikasjonsevner og kan bidra både internt og eksternt.
- Du trivst med å utforske og definere korleis ting kan fungere på ein best mogleg måte.
- Du må kunne dokumentere relevant erfaring med prosjekt-, prosess- eller endringsleiing for å bli vurdert som seniorrådgivar.
I tillegg ønskjer vi at du har erfaring med
- klarspråk
- workshop-leiing
Kva kjem du til å jobbe med?
Du vil jobbe tverrfagleg og tett saman med andre kollegaer som har ansvar for ulike delar av samhandlinga vår med næringslivet. Du skal jobbe med å kartleggje, innhente informasjon om og dokumentere korleis logistikk og vareflyt fungerer hos næringslivet. Målet er å bidra til å utvikle gode tenester. Vidare skal du
- byggje nettverk og ressursgrupper i næringslivet for å kartleggje behov
- bidra til å følgje opp næringslivet i ulike utviklingsinitiativ
- samarbeide med kommunikasjonsmiljø og andre fagmiljø i etaten om relevante tiltak
- vere oppsøkjande og møte aktørane der dei er
Vi tilbyr
- arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag, med gode høve til utvikling gjennom ulike oppgåver som er tilpassa kompetansen din
- eit godt arbeidsmiljø i ein seksjon som jobbar tverrfagleg og tett på næringslivet
- ryddige pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning og tilbod om ein time bevegelse i arbeidstida i veka
- moderne kontorlokale i Solheimsviken med sykkelparkering, garderobar, treningsrom og tilgang til ei godt driven kantine
- lønn som rådgivar, kr 600 000–700 000, eller seniorrådgivar, kr 700 000–800 000, avhengig av kompetanse og erfaring (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef for førebyggingsseksjonen, Stig Løland, på telefon 414 49 986
Til deg som søker jobb i Tolletaten
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.