Sokneprest med tjenestested Rogne, Volbu, Hegge og Lidar sokn             Valdres prosti

  • Heltid
  • HEGGENES, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 17. mai 2025

Den norske kirke, Hamar bispedømme

Velkommen som sokneprest i Øystre Slidre i hjerte av Valdres

Folkekyrkja i Øystre Slidre høyrer heime i eit lokalsamfunn med rike kulturelle tradisjonar, aktivt idrettsmiljø, vakre kulturlandskap og storslåtte fjellområde ved foten av Jotunheimen. Mykje flott natur er godt utgangspunkt for naturopplevingar sumar som vinter.

I 2023 budde det nær 3300 innbyggjarar her og 76 % av dei er medlemmar av kyrkja. Jordbruk og skogbruk er tradisjonelt den viktigaste næringsvegen. Turistnæringa er i sterk utvikling, og kommunen har mange store turistanlegg, særleg på Beitostølen med fleire hotell, fritidsbustader og godt utbygde skianlegg.  Beitostølen Helsesportsenter er ei kompetanseverksemd som betyr mykje for kommunen. Beitostølen husar mange store skiarrangement.  Valdres og Øystre Slidre har eit rikt kultur- og musikkmiljø, og arrangerer musikkfestivalar i fleire sjangrar: frå Trollrock til klassiske Hemsingfestivalen og Jørn-Hilme-stemnet for folkemusikk og dans.

Kommunen har tre barnehagar, to barneskular og ein ungdomskule. I nabokommunen Nord-Aurdal ligg Valdres vidaregåande skule. Her finn ein og Valdres folkehøgskule som er drive av KFUK/KFUM.

Øystre Slidre fellesrådsområde består av 4 sokn; Rogne, Volbu, Hegge og Lidar. Øystre Slidre har fire kyrkjer og Lyskapellet på Beitostølen. Hegge soknekyrkje er ei stavkyrkje frå 1216. Volbu, Rogne og Lidar kyrkjer er mellom 100-250 år gamle. Lyskapellet ligg i Lidar sokn og høyrer til Helsesportssenteret på Beitostølen. Det er kort avstand mellom kyrkjene, alle ligg i ein radius av 17 km frå kyrkjekontoret på kommunesenteret.

Soknepresten har et samarbeid med Beitostølen Resort om kvardagsmesse i Lyskapellet. Presten er og med på «Ridderuka» som blir avslutta med Ridderrennet på Beitostølen.  Dette presenteres som "verdens største årlige vintersportuke for syns- og bevegelseshemmede". Pilegrimsvegen i Valdres går frå Hedalen i Sør-Aurdal til St. Tomas kyrkja på Filefjell, og det er pilegrimsvandring kvar sumar.

Prosten i Valdres gjer presteteneste (ca 50%) i Øystre Slidre og har gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan, og deltek i nokre av aktivitetane for born og unge.

Det er forordna 71 gudstenester i dei fire soknekyrkjene, der prosten gjennomfører om lag en tredel av desse. I tillegg kjem Den gylne time. Kvar sumar er det stølsmesser på fjellet i alle sokn. Desse er svært populære.

Kyrkjelivet har eit tydeleg folkekyrkjepreg. Kyrkja driv eit aktivt undervisningsarbeid blant born og unge. Tiltaka har jamt over svært god oppslutning og mange tiltak er knytt til gudstenestene. Kyrkja og presten nyt stor tillit hos folk og i kommunal forvaltning. Soknepresten sit i det psykososiale kriseteame. Tomaskyrkat.  Kyrkja har eit godt forhold til skule og barnehage og er i gang med eit større planarbeid for skule-kyrkje-samarbeid.

I tillegg til prest og prost tel staben 12 personar i større eller mindre stillingar. Kyrkjeverje i 100% stilling, kyrkjemusikar i 80%, kyrkjegardsarbeidar i 100 %, ansvarleg for kyrkjeleg undervisning i 40% og sekretær i 50%. I tillegg kjem klokkarar og kyrkjetenarar i mindre stillingar. Soknepresten har ei viktig rolle som strategisk og  pastoral leiar i arbeidet med den kyrkjelege verksamda i fellesrådsområdet.

Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter off.lova §25, jfr. kyrkjeordning for Den norske kyrkja §42.  Oppmoding om å få sitt navmn halde unna denne må grunngivast i søknaden.  Behandlingsgrunnlag etter personvernforodninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise fram politiattest utan merknad.

Arbeidsoppgaver

–           sete i Øystre Slidre fellesråd, Rogne, Volbu, Hegge og Lidar sokneråd samt Lyskapellets kapellråd.
–           samarbeid med undervisningsansvarleg og prost om kyrkjeleg undervisning.
–           ansvar for konfirmantundervisning (20-35 konfirmantar).
–           gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan.
–           andakter på Helsetunet som består av 18 omsorgsboliger, 36 sykehjemsrom
–           delta i beredskapsordning i Valdres, månadlege prestekonvent og fordelte oppgåver ved ferieavvikling i Valdres prosti.

Kvalifikasjoner

Cand.theol eller oppfyller kvalifikasjonskravet beskrevet i Tenesteordningen med kvalifikasjonskrav for menighetsprester.

Praktisk teologisk utdanning.

Nytter nynorsk.

Personlige egenskaper

  • Evne til både å arbeide sjølvstendig og å samarbeide.
  • Forståing og interesse for samspel mellom tradisjon og fornying av lokalkyrkja.
  • Engasjement for folkekyrkja.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsfellesskap og gode kontorforhold.
  • Spennende samspel mellom kultur, natur og kyrkje.
  • Arbeidsveiledning i bispedømmets regi.
  • Lønn i stillingskode 1555 sokneprest.
  • Innskudd i offentlig pensjonskasse.
  • Skyssgodtgjering for tenestekjøyring og andre godtgjørelser etter gjeldende regler.
  • Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske kyrkja.  Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innenfor lov- og regelverk og tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.

Hamar bispedømme skal vera ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning.  Me oppfordrar  alle kvalifisete kandidatar til å søkja.

Kontaktinformasjon

Carl Philip Weisser, prost, 91555504
Eli Bekken, Rådgiver, 62550350

Arbeidssted

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 4954309280
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted