Kultur, Sykkylven kommune
Vi søkjar etter ein motivert person som kan vidareføre ungdomstiltaket «Open Storhall» i Sykkylven.
Dette er ein treffstad for ungdom i ungdomsskulealder. Nesten kvar fredag er det arrangement i Storhallen der det er tilrettelagt for ulike aktivitetar, kiosk og sosialt samvær.
Aktivitetsleiar har ansvar for planlegging, motivering og gjennomføring av arrangementa, i samarbeid med frivillige og Frivilligsentralen i kommunen.
Stillinga høyrar til kulturavdelinga og rapporterar til kultursjef Halstein Kurseth.
Arbeidsoppgåver
- Drift og utvikling av konseptet "Open Storhall"
- Skape trivsel og et godt miljø der kvar enkelt brukar blir sett og får gode opplevingar
- Bestilling og varemottak kiosk
- Arbeidstida er lagt til dag/ettermiddag/kveld
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- For søkjarar utan formell kompetanse er det krav om relevant erfaring med ungdomsarbeid
- Stillinga har noko ukurante arbeidstider, det er derfor viktig at ein er fleksibel
- Stillinga krev god fysisk og psykisk helse
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
- Det er krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter deg som ikkje redd for å ta i eit tak og som får lett kontakt med ungdomen vår
- Det blir forventa at du er med på fagleg utvikling, er stabil og kan handtere uforutsette situasjonar
- Personleg egnaheit vektleggast
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gode forsikringsvilkår og låneordningar
- Gratis parkering
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Halstein Kurseth, Kultursjef, 41605528, halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4953107742
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025