
Masfjorden kommune
Om stillinga
Masfjorden sjukeheim søkjer etter 2 sjukepleiarar i fast 80-90% nattevaktsstilling. Stillingane har base på Masfjorden sjukeheim.
Me har årsturnus med vakter på 10,5 timar, du får gode friperiodar, sjå vedlagt turnus.
Me ser etter sjukepleiar som
- Har autorisasjon som sjukepleiar.
- Har evne til å arbeide i sjølvstendig og i team
- Kommuniserer godt
- Er fleksibel, tek ansvar og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre
- Har godt humør, er raus og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B2
- Har førarkort klasse B
Søkarar med utdanning som heselfagarbeidar kan også bli vurderte.
Arbeidsoppgåver
- Delta i varierte arbeidsoppgåver både inne på sjukeheimen og til heimebuande
- Motta telefonar frå trygghetsalarmar, og vurdere behov for tilsyn på natt til heimebuande
- Medikamenttillaging
- Trygge brukarar på telefon og eventuelt rykke ut ved behov for tenester
- Foreta vurdering om behov for bistand frå legevakt og naudetatar
- Arbeid kvar 3. helg
Me tilbyr
- Full stilling. Mellom 80 – 90% i nattevaktsstilling
- Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer
- Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket
- Pr. i dag 10 000 kroner utover tariff i tillegg for høgskuleutdanna i turnus, og 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
- Betalt lunch
- Mogleghet for overnatting
- Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
Turnus – natt
- Årsturnus med vakter på 10,5 timar
- Med årsturnus kan du planlegge langsiktig
- Forutsigbar arbeidsplan
Høgreklikk på biletet og trykk "Åpne bilete i ny fane" for å sjå turnus i full storleik.
Turnus – natt
- Du har 2 kollegaer med deg på nattskiftet, stabil stab
- I dette forslaget er ikkje ferie og helligdagsfri lagt inn så det kjem i tillegg som fri
- Bruk av velferdsteknologi på sjukeheim og til heimebuande
Høgreklikk på biletet og trykk "Åpne bilete i ny fane" for å sjå turnus i full storleik.
Masfjorden sjukeheim
Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland og har 31 sengeplassar. Me har fleire omsorgsboligar i nærhet til sjukeheimen, som vil kunne trenge bistand på natt.
Politiattest
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.