Masfjorden kommune
Om stillinga
Frå 01.08.2025 søker Masfjorden kommune etter fagarbeidar i 100 fast stilling, med arbeidsstad ved Sandnes skule .
Masfjorden kommune har 3 skular: Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule. Skulane er 1-10 skular og det er SFO-tibood på alle skulane.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk og pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper på skule og SFO
- Vise omsorg for kvart enkelt barn
- Ta initiativ til og delta aktivt i barnas aktivitetar og leik
- Bidra til eit godt samarbeid med kollegaar og føresette
Me søker deg som
- Har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Har interesse for barn og barns utvikling
- Er tydeleg og vaksen som tar initiativ til å byggje gode relasjonar
- Kan gjennomføre og følge opp aktivitetar med barn både inne og ute
- Har gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Har gode norskkunnskapar både skriftlege og munnlege
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Søkarar utan godkjent utdanning vil også kunne bli vurderte
Anna
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing i skule vert det stilt krav om politiattest
- Løn etter tariff
- Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
Slik søkjer du:
Du søkjer elektronisk via "send søknad" på denne sida.