Rimbareid Skule Sfo
Rimbareid barne- og ungdomsskule søker etter Barne- og ungdomsarbeidar på SFO og som sekretær
Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1.–10. skule med om lag 360 elevar. Skulen ligg flott til på Rimbareid i Fitjar kommune med utsikt over store delar av bygda, og står fram som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.
Rimbareid skule skal vere ein inkluderande skule, der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulere elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagt, utforskande og praktisk undervisning.
Frå 01.08.2025 har me ledig ei 100% fast stilling med todelt arbeidsforhold. Om lag halve stillinga vil vera knytt til merkantile oppgåver på kontoret på skulen, medan resten av stillinga vil vera knytt til arbeid med elevane på SFO.
Me søkjer etter ein medarbeidar som har:
-
fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
-
god IKT-kompetanse
-
erfaring frå arbeid i skule og SFO
-
gode munnlege og skriftelege kommunikasjonsferdigheiter
-
god samarbeidsevne
-
evne til å ta initiativ og arbeida målretta og sjølvstendig
-
evne til å vera fleksibel og løysingsorientert
-
god kjennskap til skulen sine ulike oppgåver
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr:
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
-
interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit støttande, triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø. Me har fokus på å vidareutvikla ein inkluderande skule.
Søknad med referansar og oppdatert CVskal sendast til Fitjar kommune. Me oppmodar at ein søkjer elektronisk, http://www.fitjar.kommune.no/sok-ledige-stillinger.
Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11
Har du spørsmål eller treng du fleire opplysningar, ta kontakt med:
Trude Mathiesen, rektor ved Rimbareid barne- og ungdomsskule — tlf. 470 18 230