Alver kommune
Om stillinga
Me har ledig fleire 60% faste stillingar på natt. Stillinga vil vere ei rein nattevaktstilling. Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000kr over tariff, og som nattevakt vil du også ha funksjonstillegg.
Om oss
Knarvik Sjukeheim avdeling Helsehuset vil om kort tid starte opp, og skal vera ei kortidsavdeling med vurderingssenger. Avdelinga har 6 flotte rom som alle vil vera dobbeltrom med plass til totalt 12 pasienter. Her vil me få inn pasientar som skal kartleggast for anten å bli sende heim til eigen bustad, til omsorgsbustad pluss eller vidare til andre avdelingar i sjukeheimstenesta for vidare oppfølgning
Arbeidsoppgåver
- Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved avdelinga.
- Vurdere kvar einskild bebuars behov for oppfølgning
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer fagleg trygge sjukepleiarar med god norskkunnkap både skriftleg og munnleg. Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å struktruere eigen arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Erfaring og relevant vidareutdanning er ein fordel.
Kven er du?
Me søkjer sjukepleiarar som trivst i ein hektisk og til tider uforutsigbar arbeidskvardag. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg. Du har ein lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra il å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientane og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar sammarbeider du effektivt med andre.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til både pasient og pårørande
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede