Ferievikar: kjøkkenmedarbeidar

Haram omsorgstenester, Haram kommune

Haram kommune søkjer etter 1-2 ferievikarar mellom veke 26 og 33,  for tida ved kjøkkenet på Eidet Omsorgssenter. Arbeidstid er på dagtid med arbeid kvar 3. helg.

Måltidsproduksjon har base i fint og moderne lokale på Eidet Omsorgssenter. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Hovudoppgåva er å produsere mat til bebuarar ved Eidet Omsorgssenter. Kjøkkenet produserer etter kok-server metoden. Det er også aktuelt med ei enkel katinedrift for dei tilsette, samt kafé for besøkande. 

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Det blir gjort tilsettingar fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varme og kalde rettar
  • Produksjon av bakst og dessertar
  • Produksjon av spesialkost/diettar

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein kokk eller ein person med erfaring frå matproduksjon, som kan bidra til å produsere smakfull og ernæringsmessig riktig samansette rettar til  brukarane våre og gjestar
  • Erfaring frå storhushald og kunnskap om produksjon av spesialkost og diettar er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Opplæring blir gitt 
  • Det er krav om god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Oppteken av god mat i eldreomsorga
  • Løysingsorientert
  • Forståing for logistikkarbeid
  • Likar å arbeide i team
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Positiv og fleksibel
  • Kreativ og engasjert
  • Serviceinnstilt
  • Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • IA-bedrift

Kontaktinformasjon

Ingeborg Grønningsæter Valde, Kjøkkensjef, 41425540, ingeborg.gronningsaeter.valde@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4947797870
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 01.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted