Stilling ledig som konfirmantmedarbeidar i Masfjorden

  • Deltid
  • , NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 3. mai 2025

Har du lyst å jobbe med konfirmantar? Masfjorden sokn lyser med dette ut ei fast stilling i 20% som konfirmantmedarbeidar frå 1.august 2025.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du som søkjer må

  • Ha vilje og evne til samarbeid

  • Kunne arbeide strukturert og sjølvstendig

  • Ha evne til å arbeide med ungdom

  • Være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)

  • Beherske data som arbeidsverktøy

  • Ha førarkort og disponere bil

  • Vere medlem av Den norske kyrkja

  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

  • Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.

Arbeidsoppgaver

Til denne stillinga ligg fylgjande oppgåver:

  • Planlegging av opplegget for konfirmantopplæringa, i samarbeid med sokneprest

  • Administrativt arbeid med konfirmantkulla, og generelt ansvar for kontakt med føresette.

  • Praktisk tilrettelegging og gjennomføring av samlingar.

  • Deltaking på alle planlagte samlingar, og bidra inn mot den sosiale delen av desse.

  • Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.

  • Det er også forventa at konfirmantmedarbeidaren i einskilde samanhengar kan samarbeide med trusopplærar om konkrete oppgåver, til dømes i samband med arrangement trusopplærar har ansvar for. I den grad omfanget av dette går ut over fastsett stillingsprosent, vert arbeidet godtgjort time for time med same løn som for øvrig arbeid.

Konfirmantsamlingane er i stor grad lagt til helg og ettermiddag/kveld. Soknepresten har hovudansvaret for undervisninga.

Vi tilbyr

  • Ei interessant og utfordrande stilling

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer

  • Løn etter tariff (KA)

  • Medlemskap i KLP

Jobbsted