Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
100% fast undervisningsstilling innan sal, service og reiseliv
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein lærar som har undervisningskompetanse innan programområdet sal, service og reiseliv. Det er pårekneleg å bli tildelt rolla som kontaktlærar. Aktuelle undervisningsfag er forretningsdrift, marknadsføring og innovasjon, kultur og samhandling og yrkesfagleg fordjuping.
Fag- og timefordeling mellom faga kan variere frå år til år.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha utdanning på minimum bachelornivå, men helst på masternivå, med kompetanse innanfor økonomiske og administrative fag.
Søkjar må ha praktisk pedagogisk utdanning (PPU eller PPU-Y).
Det er ein fordel med brei fagleg og erfaringsmessig bakgrunn.
Personlege eigenskapar
Er nyskapande, fleksibel og kan samhandle.
Har høge ambisjonar på vegne av elevane, god formidlingsevne og eit positivt elevsyn.
Er ein tydeleg leiar i klasserommet, evnar å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane.
Er utviklingsorientert og initiativrik.
Er pålitelig og har gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Introduksjonsprogram.
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK).
Løn etter tariff.
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Margaret Alme, Rektor, 95839744
Karen Topphol, Avdelingsleiar, 41552748
Arbeidsstad
Holsekerdalen 180
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4950849034
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025