Statens helsetilsyn
Vil du bidra til betre tenester for barn og unge?
Statens helsetilsyn har ledig fast stilling for seniorrådgivar med brei innsikt i heile barnevernsfeltet og med stort engasjement for barn og unge. Vi ser etter ein kunnskapsrik fagperson som vil vere med på å utvikle tilsyn med barnevernet, blant anna gjennom samarbeid med statsforvaltarane, fagmyndigheiter, brukarorganisasjonar og praksisfeltet. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til utvikling av tilsynet med barnevern
- Utarbeide rettleiarar innan tilsynsmyndigheita sitt område
- Innhente, samanstille, analysere og formidle erfaringar frå tilsynsarbeidet vårt, internt og eksternt
- Bidra i planlegging og utvikling av tilsynsmetodikk
- Bidra til å utvikle Helsetilsynet si rolle som overordna fagleg tilsynsmyndigheit
- Bidra til at tilsynserfaringar blir nytta aktivt til utvikling av tenesta
- Gi innspel til fagdepartement og samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning på masternivå
- Relevant erfaring og kjennskap til barnevernsfeltet i Noreg
- God rolle- og forvaltingsforståing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Ønska kvalifikasjonar:
- Leiarerfaring
- Erfaring med forbetringsarbeid
- Erfaring frå tilsyn
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt avgjerande vekt på at den som blir tilsatt er personleg eigna.
Vi søker deg som liker å samarbeide tverrfagleg, er fagleg nysgjerrig og løysingsorientert, er strukturert og med god gjennomføringsevne og har ei analytisk og utviklingsorientert tilnærming til oppgåvene.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i stillingskode som seniorrådgivar i lønnsspennet kr. 700 000 – 870 000. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Kontaktinformasjon
Siri Bækkevold, Avdelingsdirektør, 21529914
Katarina Ø Heidem, Underdirektør, 99273197
Arbeidssted
Møllergata 24
0179 OSLO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn
Referansenr.: 4940920624
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 04.05.2025