Innkjøpar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 8. mai 2025

EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune

Avdelinga Eigedom og utbygging (EIU) er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. I tillegg har avdelinga ansvar for utbygging av Bybanen sin infrastruktur. Avdelinga er delt inn i 5 seksjonar; Stab og forvaltning, System og utvikling, Utbygging, Drift og Bybanen Utbygging. Stillinga som innkjøpar har arbeidsstad Bergen og ligg under Stab og forvaltning, men slik at dei fleste oppgåvene vil vere knytt til Bybanen Utbygging.

Bybanen Utbygging har ansvaret for å realisere nye byggetrinn i utviklinga av Bybanen i Bergen. Som tilsett hjå oss får du vere med på hele reisa frå reguleringsfase til overlevering til Bybanen AS. For tida består prosjektteamet av om lag 18 medarbeidarar som i hovudsak arbeider med ulike forberedande aktivitetar for oppstart av byggetrinn 5 til Åsane. Stillinga vi nå søkjer fagressurs til er den som skal leie og gjennomføre arbeidet med innkjøp i Bybanen Utbygging. I tillegg vil det vere oppgåver knytt til den eigedomsmassen avdelinga elles forvaltar.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og leie arbeidet med offentlege anskaffingar og anbodsprosessar ihht anskaffingsplan og anskaffingsmandat.
  • Kartlegging, analyse og overvaking av det totale innkjøpsbehov for prosjektet.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kontraktar med fokus på kvalitet, kostnad og miljømessig berekraft.
  • Utføre rollen som forhandlingsleiar i tråd med oppgåvefordeling angitt i anskaffingsprosess.
  • Bistand i utvikling og forbetring av anskaffingsprosedyrar og rutinar, inkludert bruk av konkurransegjennomføringsverktøy (KGV) for å sikre sporbarheit, effektivitet og kvalitet.
  • Prosess- og systemansvarleg for Bybanen Utbygging sine innkjøpssystem.
  • Sikre etterleving av regelverk, interne rutinar og etiske retningslinjer.

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan økonomi, rettsvitskap, tekniske fag, samfunnsvitskap eller liknande.
  • Ved særskilt relevant erfaring kan søkjarar med utdanning på bachelornivå eller anna utdanning bli vurdert.
  • Dokumentert erfaring og kunnskap frå arbeid med gjennomføring av offentlege anskaffingar og då spesielt erfaring frå arbeid med entrepriserett og rådgjevarkontraktar.

Personlege eigenskapar

  • Etterretteleg, strukturert og sjølvstendig
  • Engasjert og gode evner til samhandling
  • Fleksibel, proaktiv og open for nye utfordringar
  • Du trivst med arbeidsoppgåver som har høg fagleg kompleksitet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Høg etisk standard Høg arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i ein organisasjon med samfunnsnyttige mål
  • Eit tverrfagleg og inkluderande miljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Guro Klyve, seksjonssjef, 98212267

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4954339912
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted