ARS - ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minorietsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar finn eit godt læringsmiljø.
Fagopplæring i skule: Vi treng ein fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget som kan leie eit opplæringstilbod til elevar som ikkje har fått læreplass. Stillinga er eit engasjement på inntil 50% til og med
Arbeidsoppgåver
- Rettleie og legge til rette for fagopplæring i skule
- Samarbeid med arbeidslivet i gjennomføring av opplæringa, med mål om overgang til lærekontrakt undervegs
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i Kjole- og draktsyerfaget
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid – både internt og eksternt
- Strukturert
- Evne til å skape gode relasjonar til lærlingane og kollegar
- Fagleg nyfiken
- Sjølvstendig
- Opptatt av å skape eit trygt læringsmiljø for lærlingane
- Brei fagleg kompetanse
Vi tilbyr
- Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
- Ein kultur prega av mangfald og engasjement
- Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Kontaktinformasjon
Rita Gjerde, avdelingsleiar, 41234761
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4952218502
Stillingsprosent: 50%
Anna
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 02.05.2025