TSB post Haugaland DPS
TSB post (tidligare Ungdomseininga) er ein tverrfagleg spesialisert rusbehandlingsinstitusjon som er lokalisert på i Kopervik. Me inngår som ein del av det spesialiserte rusbehandlingstilbodet i Helse Vest. Posten tilbyr døgnbasert rusbehandling og ettervern til unge vaksne.
Posten er bemanna med spesialsjukepleierar, vernepleierar, sosionomar, andre miljøterapeutar, lege og psykologspesialist.
Turnusen er todelt med arbeid kvar 4.helg. 12 timars vakter laurdag og sundag, i påsken og under ferieavviklinga om sommaren.
Ein av våre medarbeiderar skal ut i svangerskapspermisjon, så no søkjer me hennar vikar. Me lover høg trivsel, godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Tilrettelegge for, og delta i fysisk aktivitet
- Tilrettelegging for, og delta i samtalar
- Pasientbehandling i tverrfaglege team
- Ansvarsvakt
- Legemiddelhandtering
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
Kva kompetanse er viktig i rolla?
- Helse- og sosialfagleg utdanning – sjukepleie/vernepleie
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- Sertifikat for bil
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- viser engasjement og interesse for pasientgruppa
- har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
- er sjølvstendig
- har gode relasjonsferdigheitar
- viser raushet og har godt humør
Vi tilbyr
- Eit svært trivelig arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift
Kontaktinformasjon
Eva Utseth Gangstø, Konst. funksjonsleiar, eva.utseth.gangsto@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Asaldalvegen 1
4250 KOPERVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4951792646
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.05.2025