Nyoppretta nattpatrulje -sjukepleiarar 

  • Deltid
  • ØRSTA, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 4. mai 2025

Helse og omsorg, Vartdal og Sæbø

Er du klar for ei spennande og ny utfordring? Då er dette jobben for deg!  Vi søkjer engasjerte og ansvarlege sjukepleiarar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i utvilkling for framtida.

Vi har 3 x 66 % nyoppretta stillingar som ambulerande nattevakt i heimebaserte tenester på Vartdal og Sæbø. Dette er ei unik muligheit for deg som vil bidra til å sikre kvalitet, tryggleik og kontinuitet for våre brukarar gjennom natta. 

Arbeidsoppgåvene vil primært innebære å ivareta nattevakt i heimebaserte tenester, med fokus på tryggleik og oppfølging av brukarar på natt. Du vil vere ein viktig del av eit team som skal sikre at tenestene er tilgjengeleg og tilpassa brukaren sine behov.

I tillegg til oppgåvene i heimebasert teneste kan det vere behov for at du bistår ved alle 3 institusjonane etter behov, avhengig av situasjonen og behova som oppstår i tenesteområdet.

Arbeidsområde vil dekke tenesteområda Vartdal og Sæbø på natt, og du vil vere ein del av eit tverrfagleg team i samarbeid med både heimetenesta og institusjonane i området

  • Vartdal Helsetun er lokalisert ca.24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar, fordelt på 9 plassar i sjukeheim og 18 plassar i bulkolletiv og administrerer heimebaserte tenester i Vartdal regionen.  
  • Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 18 plassar. Hjørundfjordheimen administrerer heimebaserte tenester i Hjørundfjorden.

Vi jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt. 

Du vil få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.

For å lukkast i vår kultur er det viktig at du er ein pådrivar for blant anna heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvefordeling og kvalitetsstandard.

Arbeidsoppgåver

  • Som sjukepleiar vil du få varierte arbeidsoppgåver med hovudoppgåve å gi god og omsorgsfull sjukepleie.  Vi legg vekt på kvalitet, tryggleik, ernæring og velferdsteknologi. 

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting 
  • Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • Førakort klasse B, manuell gir
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert og løysningsorientert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstending og ta avgjersle basert på faglege vurderingar
  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Vere ein god rollemodell
  • Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Vere interessert i fagleg oppdatering i form av interne kurs
  • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
  • Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 –  stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar  

Arbeidsvilkår:  66 % natt inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Dokumentasjon: Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleg søkjarliste  
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer
at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren
sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og
kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet
om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag
for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg
søkjarliste vert laga. 

Kontaktinformasjon

Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Nina Måseidvåg, Avd.leiar, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6
6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4939467182
Stillingsprosent: 66%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted