Rettleiar med fagansvar - Nav Bergen sør
Nav Bergen sør har ledig ei midlertidig stilling som rettleiar med fagansvar frå no og ut 2026.
Stillinga er todelt. Rolla som fagansvarleg utgjer 30% av stillinga og inneber ansvar for den faglege utviklinga i avdelinga. Som fagansvarleg har du god fagleg kompetanse innan rettleiing og oppfølging av sjukmelde, oppfølging av brukarar som mottek arbeidsavklaringspengar og som har ein arbeidsgivar dei skal attende til. Du blir del av eit team på tre fagansvarlege som jobbar tett saman, og på tvers av avdelingar. Teamet vil vere representert i ulike nettverk og fagfora, innfører endringar i relevant regelverk og ytingar i kontoret, organiserar rettleiingsarbeidet på kontoret, driv opplæring av tilsette, samt lagar planar for fagleg utvikling og årshjul. Teamet vil også samarbeide tett med leiinga. Den andre delen av stillinga, tilsvarande 70%, går ut på å vere rettleiar for brukarar på veg tilbake til eige arbeid eller anna avklaring.
Nav Bergen sør held til på Kokstad. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Den ledige stillinga er i den statlege delen av kontoret, i ei avdeling som arbeider med brukarar over 30 år. Avdelinga består av ti dyktige medarbeiarar, med brei og variert erfaring. Vi er en fin gjeng som er gode på å støtte og bakke kvarandre i en travel arbeidskvardag.
Nav sitt mål er at flest mogeleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom innsatsen og kompetansen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie og følge opp brukarar på veg tilbake til eige arbeid eller anna avklaring
- Delta aktivt i fagmøter og fagforum og halde seg oppdatert på fagområdet
- Sikre informasjonsdeling og kompetanseoverføring til resten av kontoret
- Fagleg støtte for leiar og kollegaer
- Vere ein pådrivar for opplæring og fagleg utvikling av våre tenester
Det kan bli endring i ansvar og arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innen helsefagleg, samfunnsfagleg eller pedagogisk retning. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- Grundig kjennskap til eit ellar fleire av fagområda; arbeidsretta brukaroppfølging, oppfølging av sjukmeldte og brukarar med nedsatt arbeidsevne, oppfølging av mottakarar av arbeidsavklaringspenger
- Erfaring frå arbeid med kartlegging, rettleiing og oppfølging av sjukmelde og/eller personar med nedsett arbeidsevne
- God rettleiingskompetanse
- Digital kompetanse som gjer at du raskt kan sette deg inn i ulike digitale system
Det er ein fordel om du og har:
- Erfaring frå fagleiing, kollegarettleiing eller kompetanseutvikling
- Kompetanse om arbeidsmarknaden
- Kunnskap om Lean og prosessar for kontinuerleg forbetring
Vi ser etter deg som
- Er ein pådrivar og støttespelar
- Har god formidlingsevne munnleg og skriftleg
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og motivasjon for endring
- Har evne til å ta faglege avgjersler i vanskelege situasjonar
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Eit godt arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- Gode høve til utvikling
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Tilsetting i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr. 646 000 til kr. 675 000 per år. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Bente Woods, Avdelingsleiar, 957 60 993, bente.sandum.woods@nav.no
Arbeidsstad
Kokstadflaten 40
5257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAV
Referansenr.: 4952288557
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 27.04.2025