Er du ein dyktig industrimekanikar og har ei interesse innan skipsbygging?

Ulstein Verft AS

Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi søker deg som har interesse for skipsbygging og skipsoppgradering, og som gjerne tek på deg ei utfordring. Arbeidsoppgåvene vil variere, og du vil bli ein del av eit dyktig fagmiljø. 

Intervju vil bli gjennomført fortløpande. 

Oppgåver du vil arbeide med

Arbeidsoppgåvene kan blant anna innebere:

  • Bruk av tyngre bearbeidingsutstyr som brennemaskin, valse, knekke, sager, m.m
  • Montering og sveising av ulike typar dekkutrusting som kraner og vinsjar
  • Bygging, sveising og montering av fundament
  • Bygging, sveising og montering av større stålkonstruksjonar
  • Reparasjon og vedlikehald av fartøy 

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Det er ønskeleg med relevant fagbrev, som t.d. industrimekanikar, sveisar eller platearbeidar.
Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. 

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring ifrå Ulsteinvik. 

Kontaktinformasjon

Anne Holm Roppen, HR Advisor, 48924332, anne.roppen@ulstein.com
Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, stig_b.slettebakk@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 4941764594
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted