Osterøy kommune
Om oss
Lonevåg barnehage har 6 avdelingar, 104 born og 30 tilsette. Barnehagen ligg på Hatland med barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule som nære naboar Vi deler bygg med Osterøy ressurssenter for kultur og språk og har eit godt samarbeid med dei.
Å arbeide i Lonevåg barnehage er å vere ein del av barn si utvikling og vekst, og gjennom omsorg og leik er du med på å leggje grunnlag for ein trygg og god barndom.
Saman gir vi barna den beste starten i livet, og bidreg til livsglede og meistring gjennom barnehagekvardagen
Naturområda som barnehagen ligg i opnar for å gi barna eit mangfald av naturopplevingar. Ei viktig oppgåve som tilsett er at ein gjennom aktivitetar og turdagar viser at naturen kan vere ein spanande arena for leik og læring
Barnehagen har sin eigen Lavvo som er mykje i bruk. Som ein del av Lonevåg barnehage vil du også få høve til å utfalde kreativiteten din, engasjere deg og ikkje minst vere med på å skape magiske barndomsaugneblink.
Vi legg stor vekt på å byggje gode relasjonar til barn og foreldre.
Velkommen til oss
Kven er du?
- Du er fagleg sterk og evner å setje om planar til praksis.
- Du let barna medverke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna.
- Du evner å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap.
- Du er engasjert og god på å samarbeide og kommunisere med foreldre og kollegaer.
- Du bidrar til større fagleg utvikling i heile personalgruppa.
- Du er positiv, fleksibel og utprega løysningsorientert.
- Du er lojal og bevisst din profesjonelle rolle i barnehagen.
Arbeidsoppgåver
- Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av vårt pedagogiske tilbod.
- Ansvar for å planlegge, tilrettelegge, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med Rammeplanen.
- Støtte og vere til stades for barn i leik og alvor.
- Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid.
- Bidra til godt arbeidsmiljø og bidra i kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen.
- Vere ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet.
- Skriftleg arbeid, til dømes planarbeid og Individuell utviklingsplan for enkeltbarn
- Delta i daglege gjeremål på avdelinga og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingane og personalet. I stillinga som pedagogisk leiar vil du ha særleg ansvar for leiing av avdelinga.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelorutdanning som barnehagelærar.
- Grunnleggande datakunnskaper.
- Interesse for språkarbeid, pedagogisk dokumentasjon og utviklingsarbeid.
- Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftleg, jf. Barnehagelova §27.
- Det er krav om politiattest ved tiltredning jfr barnehagelova §30. Attesten kan ikkje vera eldre enn 3md.
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer.
- leiaropplæring for pedagogar frå hausten 2025
- Godt arbeidsmiljø og ein lærande organisasjon.
- Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer.
- Tariffløn, offentlig pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov-avtaleverk.
- Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift.
Osterøy kommune
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap.
Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen.
Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt.
I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar. Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri.
Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!