UX-designer med ansvar for universell utforming

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 5. mai 2025

Systemutvikling og UX, Helse Vest IKT

Vi i Helse vest IKT har glødande interesse for å forenkla kvardagen til pasientar og helsepersonell. Å drive sjukehus og pasientbehandling er komplekst. Det å skape betre brukaropplevingar for tilsette og pasientar gir oss meiningsfulle og spennande arbeidsdagar, kvar einaste dag. 
 
Fagområdet UX er ein del av Seksjon utvikling. Seksjonen består av over 50 høgt kvalifiserte medarbeidarar fordelt på ni team. Vi utgjer eit sterkt fagmiljø som er opptekne av å laga gode, framtidsretta løysingar for helsetenestene. UX-designarar jobbar tett med alle roller, som helsepersonell, brukarrepresentantar, utviklarar, arkitektar og prosjektleiarar. Vi jobbar både med løysingar som blir utvikla internt hos oss og i samarbeid med leverandørane våre. Saman leverer vi mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved alle sjukehusa på Vestlandet. 
 
Du blir ein del av team Brukeropplevelse. Vi ser etter ein sterk lagspelar og fagleg pådrivar som kan vera med oss for å byggja UX vidare. Helse Vest IKT er ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag, og vi ser derfor spesielt etter deg som har erfaring med og interesse for å arbeide med brukarvenlegheit innafor ein større kontekst. Du vil (med støtte frå resten av teamet) få eit særskilt ansvar for å følgje opp arbeidet med tilgjengelegheitserklæringar, både internt og utad i organisasjonen. Vi er derfor på utkikk etter en kandidat med god kompetanse på WCAG og universell utforming, samt ein god formidlingsevne. 

Arbeidsoppgåver

Du vil arbeida med mange spennande oppgåver:

  • Forme nye, og forbetra eksisterande løysingar, som skaper heilskaplege brukaropplevingar.
  • Sørge for at løysingane blir universelt utforma.
  • Fasilietere og følge opp arbeid med tilgjengelegheitserklæringar i organisasjonen.
  • Aktivt bruke designmetodikk for å sikre at behova til brukaren blir ivareteke.
  • Gjennomføre intervju, workshops, observasjon og brukartestar.
  • Utarbeide konsept, designforslag og prototypar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning.
  • Erfaring med metodar, teknikkar og verktøy innan brukaroppleving.
  • Har eit auge for inkluderande design.
  • God kompetanse på WCAG, universell utforming og tilgjengelegheitserklæringar.
  • Erfaring med prototypeverktøy (vi bruker Figma).
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Personlege eigenskapar

  • Entusiasme for fagfeltet og empati for brukarane.
  • Sjølvgåande, men trivst best med å jobba i team. 
  • Trivast med variasjon og byta mellom oppgåver.
  • Kreativ og glad i å finne gode løysingar saman med andre.
  • Audmjuk for ekspertisen til andre innan deira fagfelt.  
  • Nøye på kvalitet i leveransane.

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Merethe Heggset, Gruppeleiar, 93007187

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4951057263
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted