SAN - Avd. Restaurant/Matfag, Vestland fylkeskommune
Undervisningsstilling i Restaurant- og matfag
Sandsli vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Sandsli vidaregåande skule har om lag 650 elevar og 80 tilsette.
Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Programområda våre er studiespesialiserande, restaurant- og matfag. I tillegg har vi både innføringstilbod og vaksenopplæring. Innføringsklassane er eit tilbod til ungdom i alderen 16-18 år som er nykomne til Noreg. Sandsli vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Sandsli vgs er kjend for godt skulemiljø, og resultata i ulike undersøkingar viser høg trivsel blant elevane, og at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling.
For meir informasjon om skulen sjå https://www.sandsli.vgs.no
Arbeidsoppgåver
Frå 01.08.2025 har vi ledig følgjande stilling innan restaurant- og matfag:
Omlag 50 % fast stilling og 75 % årsvikariat. Vi ser og etter ringevikar for skuleåret 2025-2026.
Det er ønskjeleg at pedagogar som vert tilsett har fagbrev i kokkfag. Søkjarar må ha relevant fagkunnskap for å undervise innan alle programområda ved restaurant- og matfagavdelinga. Undervisninga kan også verte lagt til vaksenopplæring og tilrettelagt gruppe i tillegg til ordinære klasser. Det kan og bli lagt kontaktlærarressurs til nokre av stillingane.
Det blir teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir og teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og prosess knytt til aktuelle permisjonssøknader.
Kvalifikasjonar
- Teknisk fagskole eller eventuelt godkjent yrkesfaglærarutdanning.
- Det er ein fordel med undervisningskompetanse, eller erfaring med opplæring av lærlingar i bedrift.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.
- Det er ønskjeleg at den som vert tilsett kan undervise i fleire av faga innan restaurant- og matfag.
- Søkjarar må ha gode IKT-kunnskapar, og interesse for å bruke IKT i undervisninga.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter lærarar
- som klarar å skape gode relasjonar til elevane, og som er opptatt av å motivere elevane til både fagleg og sosial utvikling.
- som har eit høgt fagleg engasjement, og som er interesserte i å prøve ut nye arbeidsmåtar.
- som har interessere for pedagogisk utviklingsarbeid, tverrfagleg arbeid og kollegasamarbeid.
- som er villig til å yte ein ekstra innsats ved arrangement saman med elevar på ettermiddag eller kveld.
- som arbeider strukturert og sjølvstendig.
- som har gode samarbeidsevner og høg arbeidskapasitet.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med engasjerte kollegaer
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
- Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Vitnemål må lastast opp saman med søknaden. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Kontaktinformasjon
Anne Helene Øpstebø, avdelingsleiar, 93662069, anne.helene.opstebo@vlfk.no
Bengt Håkon Lund, rektor, 40105611, bengt.hakon.lund@vlfk.no
Arbeidsstad
Sandslimarka 51
5254 Sandsli
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4951693470
Stillingsprosent: 50, 75%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 25.04.2025