Åmot skule, Vinje kommune
Me søkjer engasjerte og omsorgsfulle personar som vil jobbe hjå oss ved Åmot skule. Me søkjer deg som er interessert i barn, leik og utvikling, som er interessert i å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle, og som gjerne vil vera med på å utvikle det allereie gode tilbod som barna får i sin kvardag både på skulen og på SFO.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for det pedagogiske arbeidet på SFO og skulen
- Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevane
- Bidra til lærande og utviklande fellesskap
- Bidra til godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- Medansvar for å skape eit godt arbeids- og samarbeidsmiljø
- Rettleiing av elevar og tilsette
- Bidra til at Åmot skule har eit godt omdømme
Kvalifikasjonar
- Fagbrev helse- og oppvekstfag
- Barnevernspedagog
- Anna relevant pedagogisk utdanning
- Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg (minimum B2)
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg fagarbeidar/pedagog
- Du har evna til å skape gode relasjonar til elevar og vaksne
- Du er engasjert og tek initiativ
- Du er fleksibel og finn løysingar
- Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar
- Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute
- Du er kreativ og likar å skape saman med elevar
- Du må trivast i ein hektisk kvardag
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Ein attraktiv arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og engasjerte tilsette
- Løn etter lokal lønnstabell
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
- Flotte og engasjerte elevar og føresette
- Ein kommune som er oppteken av ditt bidrag og engasjement til å vidareutvikle Vinje-skulen
- Flott natur – sumar som vinter
- Aktivt kulturmiljø
- Lunsjordning
- Kort veg til dei store byane på aust- og vestlandet
- Vinje er ein kommune med stort handligsrom, dette syner seg i skulekvardagen
- God dekning i barnehage
- Gratis SFO 1.-3.trinn
- Elevan får gratis skulemat og frukt kva dag
- Skulane er på mange ekskursjonar i løpet av skuleåret, td reiser 10.trinn til Berlin
- Bistå i å finne bustad
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4950896701
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 04.08.2025
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 22.04.2025