MST-terapeut

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 27. april 2025

MST Bergen team 1, Bufetat

Vil du ha ein fleksibel arbeidskvardag og vere med på å utgjere ein forskjell for ungdom og familiar, kan stilling som MST-terapeut vere noko for deg.

MST-teama i Bergen har ledig ei fast 100 % stilling og moglegheit for et 100 % årsvikariat som MST-terapeut. Eventuelt vikariat kan bli forlenga.

Stillingane er plassert i eining med andre avdelingar med totalt 4 MST team, 2 RFT team i Bufetat region vest. NUBU (Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge) leiar implementering av MST i Noreg og vil delta aktivt i tilsetjingsprosessen. Bufetat har eigne einingar som driv med multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. MST er ein evidensbasert metode, utvikla i USA. Terapeutane jobbar i heim, nærmiljø og skule med foreldre og ungdom, der ungdomen står i fare for å bli plassert utanfor heimen. Kvar terapeut jobbar med 3-5 familiar om gongen, i opptil fem månader. I løpet av ei arbeidsveke har du fleire treffpunkt med familiane du følgjer opp, samt møter med andre frå «laget rundt ungdomane» som skule, barnevern, psykisk helsevern osv.

MST er fleksible på møtetidspunkt, så det betyr at du innimellom må ha møter på ettermiddag/kveld. Til gjengjeld får du fleksibiliteten til å disponere tida di fritt, når du ikkje har møter. Arbeidsbelastninga per veke vil variere, og styres av kva som skjer i behandlingane. Eit MST-team består av tre-fire terapeutar og ein avdelingsleiar/rettleiar som er fagleg og administrativt ansvarleg for teamet. Behandlinga er tilgjengeleg for familiane 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Vakttelefon vil rullere mellom terapeutane. Tilgjengelegheit i rolla som terapeut er regulert gjennom eigen særavtale for MST og er godt økonomisk kompensert, i tillegg til ekstra fridagar.

Arbeidsoppgåver

  • Terapeutisk arbeid etter MST sine behandlingsprinsipp og praksis
  • Koordinera det faglege arbeidet i kvar enkelt sak og samarbeide nært med blant anna skule, PPT, barnevern, politi og psykisk helsevern
  • Delta i vekentleg rettleiing og konsultasjon, samt jamleg opplæring
  • Utføre MST sine kvalitetssikringsrutinar
  • Drive informasjonsarbeid om MST

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis utdnning og autorisasjon som psykolog. Kandidatar med mastergrad/hovedfag i helse- og sosialfag med relevant klinisk vidareutdanning, eller bachelor i helse-og sosialfag med relevant klinisk vidareutdanning kan også søkje.
  • Grundig kjennskap til det teoretiske fundament som metoden byggjer på, det vil sei system/familieteori, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori.
  • Gode engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Vidareutdanning og/eller erfaring frå familieterapi eller kognitiv terapi og arbeid med barn/ungdom med alvorlege åtferdsvanskar er svært ønskjeleg.
  • Gode IKT ferdigheiter samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
  • Førarkort for bil klasse B.
  • Det er svært ønskjeleg at du kan disponera eigen bil i tenesta, mot kilometergodtgjering.
  • Det vil vere avgjerande for tilsettinga at søkjar kan stille på opplæringsuke med NUBU i Oslo, truleg i veke 38 2025 (15-19. september), evt. i uke 21 (19-23. mai). Vi vil dekke løn, kost og losji disse dagene.

Personlege eigenskapar

  • Du har ønskje om og evne til å arbeide systematisk, målretta og fleksibelt.
  • Du har svært gode samarbeidsevnar og evne til å byggje gode relasjonar.
  • Du evnar å prioritere og arbeide strukturert.
  • Du må evna å arbeida sjølvstendig.
  • Personlege eigenskapar vil vektleggjast høgt.

Me tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 650 000 – 720 000 pr. år, 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 745 000 – 870 000 pr.år, eller 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 720 000 – 800 000 pr. år. Alternativt som sosialfagleg, er stillinga plassert i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, p.t. kr 600 000 – 700 000.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Det forventast høg grad av tilgjenge, noko som bli godt kompensert i eigen MST særavtale, pt ca 200 000,- pr. år og ekstra fridagar.
  • Løyve til å trene ein time pr. uke i arbeidstida.
  • Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammar.
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø.
  • Opplæring i MST metode og faglege boostere kvert kvartal i regi av NUBU.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv.

Informasjon til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrer vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utenom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingea er for tida lagt til MST Bergen Team 1.
  • Politiattest må fremleggast ved tilstjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikke leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 

Kontaktinformasjon

Adrian Schønning, Avdelingsleder, 41688197, adrian.schonning@bufetat.no

Arbeidssted

Solheimsgaten 11
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4936700823
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted