Øygarden kyrkjelege fellesråd
Er du engasjert og praktisk anlagt som likar å arbeide ute? Då har vi sommarjobben for deg!
Vi søkjer no etter ein positiv og arbeidsvillig sommarhjelp til gravplassane og kyrkjene i Øygarden kommune for perioden 23.juni – 16.august. Dette er ein unik moglegheit til å jobbe i vakre omgjevnader, gjere ein viktig jobb for lokalsamfunnet og få verdifull arbeidserfaring.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd med 8 kyrkjer og 17 gravplassar, og vi ønskjer deg velkomen til vårt team.
Vil du vite meir? Besøk nettsida vår, ring oss, eller stikk innom vårt kyrkjekontor på Straume for ein hyggeleg prat!
Hugs å opplyse i søknaden kva veker du kan jobbe, om du har sertifikat og om du har tilgang til bil. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Klippe plen
- Maling
- Praktisk tilrettelegging
- Anna førefallande arbeid
Kvalifikasjonar
- Sertifikat og disponibel bil er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Fleksibel
- Samarbeidsvillig
- Serviceinnstilt
- Praktisk anlagt
- Evnar å arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Timeløn etter tariff.
- Køyregodtgjersle etter statens satsar.
- Arbeid i team.
Kontaktinformasjon
Tore Heggernes, Driftsleiar, 93405925
Mathilde Karin Dale Løvfall, Personalleiar, 90272703
Arbeidsstad
Tytebærbrekko 2
5353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 4944945436
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 27.04.2025