Elkem ASA Bjølvefossen
Hovudprosessane våre er knytt til omnsdrift, raffinering og utstøyping, prøvetaking og lab-analysar, samt knusing, sikting og pakking av ferdigvareprodukt. Mykje av dette overvaka via prosesstyresystem.
Viktigaste arbeidsoppgåver:
- Sette seg inn i og følgje opp gjeldande instruksar og jobb-beskrivelsar
- Kontinuerlege forbetringar som ein del av dei daglege gjeremåla
- Bruke dataverktøy
- Utføre arbeid i forbindelse med den daglege drifta etter gjeldande krav til kvalitet og HMS
Vi ønskjer at du har følgjande kvalifikasjonar:
- Fortrinnsvis fagbrev i Kjemi-/prosess eller andre tekniske fag, men arbeidsvillige personar utan fagbrev vert også vurdert.
- Sertifikat klasse B
- Yrkesbevis for traverskran, truck og stortruck
- Gode HMS-haldningar
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Beherske norsk, både munnleg og skriftleg
Arbeidstidsordninga er 33,6 t/v i ei femskiftsordning.
Elkem etterstrebar mangfald ved tilsetting. Arbeidsoppgåvene høver for ulike kjønn og nasjonalitetar.
Legg ved CV samt informasjon om du ynskjer fast tilsetting eller om vikartilsetting også er aktuelt.
Mottekne søknader vert vurdert fortløpande.
Link til søknadsskjema: Søk her