Sjukepleiar med sans for fart, folk og litt gøy? 

Gastroenterologisk og nyremedisinsk post Haugesund sjukehus

Da er du velkommen til Gastro-nyre!

Hos oss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag med høgt tempo og stor fagleg bredde. Vi har ikkje tenkt å pynte på verkelegheita: Dette er ei stilling der du får brukt heile deg – og litt til. Her er det høgt tempo, oppgåver som gir deg både meistringsfølelse og god puls, og kollegaer du kan lene deg på.

Så klarer du å halde hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong – og har lyst til å vere med og gjere arbeidskvardagen litt kjekkare for oss alle? Då vil vi gjerne høyre frå deg. 

👉 Klikk på søkeknappen – Vi har plass til deg på laget vårt.

Klikk her for å bli betre kjent med oss!

Kva går jobben ut på?

Du vil jobbe med pasientar innan gastromedisin og nyremedisin – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet. Vi jobbar i tverrfaglege team og støttar kvarandre– og vi blir stadig betre på å stå saman.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • har lett for å vere blid og positiv.
  • er god til å sjå mennesket bak sjukdommen
  • likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine.
  • taklar utfordringar på ein god måte, og er flink til å finne løysingar saman med andre.

Kvifor velje oss?

  • Høve til å påverke og vere med i ei utvikling vi er stolte av å vere i gang med
  • Moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs og fagdager
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Silje Berning, Funksjonsleiar, +47 99288054

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4928973080
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted