Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
«Saman blir vi sterkare». Miljøarbeidartenesta har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut i avdeling Kvitveisen.
Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 60 brukarar med nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Vi har ca. 70 årsverk fordelt på sju avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar. Du vil arbeide brukarnært med mellom anna utarbeiding av mål- og tiltaksbeskrivingar, miljøarbeid og somatisk helseoppfølging.
Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem. Som tilsett hjå oss skal du bidra til at barna får eit godt og forsvarleg tilbod.
Det er ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut i barneavlastninga, avdeling Kvitveisen. Ein arbeider 1:1, og turnusen er organisert i langvakter med arbeid i snitt kvar fjerde helg. Kommunen tilbyr avlastning i kommunal avlastningsleilegheit og i privat heim.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for barna som ein er primærkontakt for
- Samarbeide med eksterne og interne instansar og pårørande
- Målretta miljøterapi
- Planlegge, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
- Journalføring
- Utføre helse og – omsorgstenetser etter vedtak
- Sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir fulgt
Kvalifikasjonar
- 3 årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan Helse – og sosialfag eller pedagogikk
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ynskjeleg med erfaring innan målgruppa
- Ynskjeleg med erfaring innan alternativ og supplerande kommunikasjon
- Gode IKT-kunnskapar
- Førarkort kl. B
- Personlege eigenskapar vektast høgt
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt og tilsette andre med interesse for og erfaring frå denne brukargruppa
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel.
- Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
- Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
- Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøterapeutiske arbeidet.
- Engasjerte og kvalifiserte kollegaer.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4949827284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025