Frøyland skule, Time kommune
Er du ein dedikert lærar som ønsker å vera med å forma framtida til våre elevar? Då kan dette vera staden for deg.
Frøyland skule har ledig 2 undervisningsstillingar med oppstart 1.august 2025. Ei av stillingane er fast og den andre er eit vikariat med moglegheit for fast tilsetting.
Frøyland skule er ein 1.-7. skule med omlag 360 elevar og 55 tilsette. Me har ein stor SFO med 2 basar, og eigen restaurant til måltid. Me har gode kontor og rom for undervisning. Visjonen vår er "Kunnskapsrik og fargerik". Me legg vekt på at elevane skal oppleve både fagleg- og sosial inkludering, og at elevane skal trivast og ha det godt på skulen. I kollegiet legg me vekt på samarbeid og felles ansvar for elevgruppa.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegge for variert og engasjereande læringsaktivitetar
- Arbeid i trinnteam og profesjonfagleg fellesskap på skulen
- Kontaktlærar
- Samarbeid med føresette, kollegaer, andre fagområde for å sikra best mogleg oppfølging av elevane
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning med undervisningskompetanse for 1.-7.trinn eller 5.-10.trinn.Det er ønskeleg med undervisningskompetanse i norsk, matematikk og/eller engelsk. Søkarar med 30 studiepoeng i eitt eller flerie av desse faga vil bli prioritert.
Personlege eigenskapar
- God klasseleiar med varme og tydeleg leiarskap
- Engasjert og interessert i fagleg utvikling og nytenking i profesjonsfellesskapet
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Lønn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Karen Helene Seppola, Rektor, 47234604, karen.helene.seppola@time.kommune.no
Arbeidsstad
Kråvegen 2
4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 4944978023
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2025