Forsvarsbygg
Forsvarsbygg i Øverbygd – Skjold leir har behov for sommarvikarar til oppgåver knytte til drift, som for eksempel klipping av plenar, rydding, osv.
Vi søker 2 sommarvikarar i vekene 26-33.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025.Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Målearbeid
- Sommarvedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding
- Påkommande oppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 16 år
- Søkar med sertifikat kl. B er å føretrekke
- Må kunne autoriserast før oppstart
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), frå kr. 282 700 – 404 900 i brutto årleg lønn.
Kontaktinformasjon
Jan Arne Johansen, Områdeleiar, 488 98 451
Arbeidssted
9334 Skjold
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Forsvarsbygg
Referansenr.: 4931190501
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 24.04.2025